Unngå alle unødvendige innlandsreiser! Arbeidsreiser som vurderast som nødvendige, samt reiser til fritidseigedomar som kan gjennomførast utan kontakt med andre, er unntatt.
I eit lite lokalsamfunn vert vi ekstra sårbare om det oppstår ein smittesituasjon. Reiser til smitteutsette områder i Noreg kan medføre til at du må gå i karantene og må testast når du kjem tilbake frå reise.
Ein ber innbyggjarar og besøkande om å halde seg oppdatert om smittesituasjonen.
Vi minner også om krav til 1 meter avstand uansett kvar ein er, at ein tek på minst muleg og vaskar seg ofte med sprit.
Publisert11.12.2020 09.25