Reglar for tilsette og vikarar

Reglar for tilsette og vikarar

Avstand
Har du vore innafor 2 meter med ein anna person i meir enn 15 minutt er du definert som nærkontakt.
Det er derfor viktig at du gjennom heile arbeidsdagen etterstreber å halde avstand til andre. Dette gjeld sjølvsagt ikkje for born, elevar, pasientar og andre vi yte tenester til.
Vask hendene grundig og ofte, og sørg for god hostehygiene.

Møter bør gjennomførast digitalt

  • Planlagde og framtidige møter internt og eksternt bør gjennomførast digitalt.
  • Møter med personar utanfor kommunen bør utsettast/avlysast eller gjennomførast digital.
  • Ved bruk av møterom skal møteleiar sørgje for minst ein meter avstand mellom deltakarane, samt ivareta reinhald av bord og andre flater etter møtet. På alle møterom skal det vere informasjon på kor mange som kan vere der samtidig. Ved arrangement les; https://www.fjord.kommune.no/koronaviruset/arrangement-og-samlingar/

Reiser

  • Tilsette kan reise på nødvendige møter der smittevern blir ivareteke. Møter med personar utanfor kommunen bør gjennomførast digitalt eller utsettast.
  • Alle reiser skal klarerast av leiar i tilfelle det krev særskile vurderingar eller tiltak.
  • Private reiser i inn- og utland bør reduserast til det minimale. Fjord kommune oppmodar alle tilsette om å følgje råda til myndigheitene.
    • Det er utbrot av diverse muterte covid-19 i samfunnet og endringar vil kunne kome på kort varsel.
    • Reiser til utlandet frarådast av Utenriksdepartementet.

Hald deg heime ved behov, men bare når du skal

  • Ikkje kom på jobb dersom du er sjuk
  • Får du symptom bør du ta ein test. Sjekk først ut helsenorge sin koronasjekk. Hald deg heime til du har fått negativt prøvesvar og har god allemmtilstand (du følar deg frisk og er feberfri).
  • Når du har testa negativt, kan du gå på jobb sjølv om du fortsatt har nokon symptoma på luftvegsinfeksjon.
  • Er nokon i husstanden sjuk, kan du møte på jobb som vanleg (gjeld også helsepersonell).

Varsle arbeidsgjevar

  • Har du eller nokon i nær familie fått påvist covid-19, skal næraste leiar ha beskjed umiddelbart.
  • Har du fått beskjed om å gå i karantene fordi du kan ha vore eksponert for koronasmitte? Gje umiddelbar beskjed til næraste leiar.
  • Tilsette som planlegg, har vore eller får besøk frå utlandet må varsle og avklare dette med leiar i forkant av reise/besøk.

 

For ytterligare informasjon om rettigheiter og plikter som tilsett vil det vere meir informasjon på kommunen si Intranettside.