Status smittesituasjon laurdag 8. mai

Status smittesituasjon laurdag 8. mai

Klikk for stort bileteFjord kommune kan i dag melde om ein ny smitta person i kommunen. Dette gjeld familiemedlem av tidlegare meldt smittetilfelle. Personen har vore i karantene.

 

1.-4. klasse ved Stordal skule er med bakgrunn i dette satt i karantene.

Gjennom smittesporingsarbeidet i dag, har det kome fram opplysningar om luftvegsymptom hos nærkontaktar, og difor vil vi flytte testing av desse klassane til i morgon frå kl. 13. Dei dette gjeld vil få sms om dette

I samråd med Stordal skule, har kriseleiinga vedteke at ein gjennomfører heimeundervisning for alle klassetrinn måndag, tysdag og onsdag i komande veke.

Elevar og lærarar som var på Bjørnsund leirskule denne veka er så langt meldt negative.

Vi ventar fortsatt på nokre avgjerande svar. Desse kjem i morgon. Inntil då må desse elevane og lærarane vere i ventekarantene. Det vert sendt ut melding til heimane når denne vert oppheva.