Status smittesituasjon 12.05

Status smittesituasjon 12.05

Klikk for stort bileteDet er for tida eit smitteutbrot knytt til Vard Langstein i Vestnes. Vestnes har innført lokal forskrift med strengare restriksjonar enn dei nasjonale. 

Denne forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Vestnes.

Det er til no ikkje påvist smitte utanfor verftet, men FHI tilrår likevel at folk i nabokommunane unngår unødvendige reiser til Vestnes inntil smittesituasjonen er meir avklart. Vi ber våre innbyggjarar innrette seg etter dette.