Servering og reiseliv

Servering og reiseliv

Serveringsstader i Fjord kommune må etablere besøksregister for sine gjester. Dette etter råd frå helsedirektoratet og kommuneoverlegen i Fjord kommune. Formålet med registreringa av kontaktopplysingane er å lette arbeidet med smittesporing dersom ein gjest får påvist covid-19 etter besøket.

Kontaktopplysingane kan kun brukast for å hjelpe kommunelegen ved smittesporing etter smittevernlova §3-6. Det er kommunelegen som skal drive smittesporing, og ikkje servingsstaden.

 

Avstand er viktig

Næringslivet må ta ansvar for smittevernet knytt til si bedrift.  På stader der det kan oppstå venting eller kø må det merkast og når det er nødvendig må tilsette minne gjestar/kundar om avstandskrava.

Om nødvendig – bryte av arbeidet for sikre at smittevernet vert tilstrekkeleg ivaretatt.

Vi legg ved ein plakat (PDF, 553 kB)som vi oppmodar alle om å nytte både til opplæring og som oppslag for sine tilsette.  Det er ei påminning om den viktige oppgåva vi har no: unngå smittespreiing.
 

Viktige tiltak

I fellesskap må vi stadig minne både oss sjølve og andre om desse tiltaka:

  • Minst ein meter avstand mellom folk
  • God handhygiene – legg godt til rette
  • Folk med symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime

Dersom nokon har behov for å oppsøke lege for testing – ring legekontoret for avtale.  Dersom nokon har mistanke om at dei kan vere smitta skal dei vere i karantene fram til dei vert testa og har fått svar på prøva. Dette gjeld sjølvsagt alle – både tilsette og gjestar/kundar.

Generelle tiltak

 
 
 
Næringsdrivande finn mykje rettleiing på Folkehelseinstituttet si side om bransjestandard