Råd til folk som kjem frå områder med auka smitte

Råd til folk som kjem frå områder med auka smitte

Det har dei siste dagane vore ei auke av smittetilfelle i samband med virusmutasjon. Og det er sett i verk strenge smitteverntiltak, no sist i fleire kommunar i Vestland fylke. Dette grunna særs smittsam virusvariant. 

Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing.
Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome. 
Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid. Ut frå eit føre-var-prinsipp oppmodar difor kommuneoverlegen at alle som har vore på reise i desse austlands- og vestlandsområda dei siste 4 dagane om å gjere følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.
  • Skulle du få luftvegs- eller influensaliknande symptom som tap av lukt, smak, diaré, pressing i brystet, snue, halssmerter må du halde deg heime og kontakte legetenesta