Råd for vinterferien

Råd for vinterferien

Råd til folk som kjem til eller frå område med auka smitte, eventuelt mutantvirus.

Tiltaka har som mål å avgrense utbrota til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing. Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome. 

Dersom du tenkjer å reise til eller frå område med auka smitte, vurder nøye om reisa er naudsynt.
Om du likevel må reise, ver ekstra påpasseleg med godt smittevern:

  • Ikkje reis om du har luftvegs-eller influensaliknande symptom
  • Hald 2 meters avstand til alle du møter
  • Ha god handhygiene
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ver venleg og ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien utan negativ test.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta og har komt frå desse områda, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Vi ber deg om å ha låg terskel for å teste deg.

Nasjonale råd for vinterferien 2021