Ordinær undervisning i skulen
Fjord kommune har gjort nye vurderingar kring organiseringa av skuledagen ved Valldal skule, sett i lys av at ein denne veka har hatt heimeundervisning for ungdomsskulen. Bakgrunn for dette har vore utfordringane ved skuleskyssen og smittevern.
- Etter juleferien var det stor usikkerheit kring mogleg smitteutbrot også i Fjord kommune. Status i dag er ingen registrerte smitta i Fjord kommune.
- I det lyset vurdere smitterisiko ved skuleskyss, der ein ikkje greier å halde avstandskrava ved raudt nivå.
- Det er sterke føringar frå sentrale myndigheiter kring viktigheita av at elevar møtes i skulen, ref også sosiale behov.
Kriseleiinga i Fjord kommune, legg følgjande til grunn, etter tilråding frå kommuneoverlegen:
- Ungdomsskuleelevane ved Valldal skule kan, slik situasjonen er no, ta opp igjen ordinær undervisning ved skulen, i tråd med føringar gitt for raudt lys.
- God hygiene er særleg viktig, og ingen som har tendensar til symptom på sjukdom skal følgje bussen. Dette gjeld også andre passasjerar.
- Som eit førebyggjande tiltak, oppmodar kommuneoverlegen til bruk av munnbind. Dette gjeld særleg vaksne passasjerar.
- Fjord kommune arbeider vidare opp mot fylkeskommunen for ei betre løysing av skuleskyssen ved slike situasjonar. Det er transportør som har ansvaret for å handtere smittevern på skulebuss etter gjeldande nasjonale retningslinjer for transport og skuleskyss.
Publisert07.01.2021 15.25