Oppfriskningsdose (dose 3) til alle over 65 år

Oppfriskningsdose (dose 3) til alle over 65 år

Det skal gå 5 - 6 månader frå andre dose koronavaksine til oppfriskingsdose vert gitt. Alder 80+ har fått tilbod om 3. dose, og er tildelt time 13. og 16. november.

Det blir vidare vaksinering 9. og 29. desember. Ein vil få beskjed via telefon/tekstmelding når det er tid for 3. dose. Hugs at det skal vere minst 5 månader mellom dose 2 og oppfriskingsdose, dose 3!

Vi minner òg om at minimumsintervallet for koronavaksinen og andre typar vaksiner som til dømes influensavaksinen er éi veke.

Forskjell mellom oppfriskningsdose og 3. dose til personar med nedsett immunforsvar

Ein oppfriskningsdose er ein ekstra vaksinedose til personar (over 65 år) som har hatt god effekt av dei to første vaksinedosane, men som over tid mistar delar av vernet.

Ein vanleg tredje dose er ein ekstra vaksinedose som blir gitt til personar med alvorleg svekt immunforsvar. Det vil seie dei som har antatt svak vaksineeffekt etter to dosar. Denne tredjedosen er verdsett som ein del av den primære vaksinasjonsserien, og er anbefalt gitt med eit intervall på minst 28 dagar etter andre dose.