Når skal ein halde barn heime?

Når skal ein halde barn heime?

Når skal barn vere heime frå barnehage / skule, og når bør dei testast for koronavirus?

Når barn har akutt luftvegsinfeksjon

Barn i barneskulealder og yngre blir sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Viss dei blir sjuke, har dei som regel eit lett forløp av covid-19. Symptoma er ofte milde og kortvarige luftveissymptom og kan vere vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Barn med covid-19 treng ikkje ha feber og hoste.

  • Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftveisinfeksjon, skal barnet haldast heime.
  • Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19.
  • Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan ein sjå an tilstanden heime i 2 dagar. Ved ingen bedring, anbefaler ein testing. Ved rask bedring, kan barnet gå tilbake til barnehage/skule utan test.

Når kan barn i barneskulealder og yngre kome tilbake i barnehage / skule?

Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.

Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage/skule. Dette gjeld sjølv om barnet fortsatt har restsymptom som nasesekresjon (uansett farge på dette) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet komme tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normale for dette barnet. 

Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesta.