Koronalettingar frå i dag

Koronalettingar frå i dag

Klikk for stort bileteKriseleiinga i Fjord kommune har i møte bestemt å følgje dei nasjonale reglane og råda som inneber ei lette frå i dag av. 

Dette inneber m.a.:

  • Tafjordbadet opnar 5. juni om det ikkje oppstår ein ny smittesituasjon
  • Aktivitar på frivilligsentralen opnar opp att
  • Grønt nivå på skular og barnehagar

Her kan du lese meir om gjenopningsplanen som no går over til trinn to.

Følg smittevernreglane

Fjord kommune har ingen eigne reglar, og følgjer derfor dei nasjonale råda og reglane.

For at vi skal kunne halde fram med det, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald avstand, minst 1 meter til dei du ikkje bur med
  • Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe.

Alle næringsdrivane må følgje smittevernreglane, jf. bransjestandard og krav i forskrift.

Besøk heime - råd

No gjeld rådet om å ha maks ti personar på besøk heime, så lenge gjestane kan halde 1 meter avstand. Dei som er rekna med i «beskytta gruppe»* tel ikkje med.

Du er med i beskytta gruppe:

  • Dersom det har gått mellom 3-15 veker etter fyrste vaksinedose
  • Dersom du har fått begge vaksinedose
  • Dersom du har hatt covid-19 det siste halve året (og er ute av isolasjon)

Arrangement – reglar

(For desse punkta gjeld ikkje reglane om at dei i beskytta gruppe ikkje skal telje med.)

For innandørs idretts- og kulturarrangement for barn og unge under 20 år, aukar talet på deltakarar til 100. Desse arrangementa må berre samle deltakarar frå same kommune.

For andre innandørsarrangement aukar talet på deltakarar

  • til 50 dersom det ikkje er faste tilviste plassar
  • og til 200 dersom det er faste tilviste plassar

Private samankomstar utanfor eigen heim, kan no samle 20 personar innandørs og 30 utandørs.

Innanlandsreiser - råd

Rådet om å unngå unødige innanlandsreiser er no tatt bort.
Dersom du vil reise er det framleis viktig å halde reglane og råda frå den «strengaste» kommunen.
Planlegg reisa slik at du i størst mogleg grad unngår å spreie smitte.

Fritidsaktivitetar - råd

Vaksne kan no vere fleire samen når dei held på med fritidsaktivitetar. Innandørs er rådet at gruppestorleiken aukar til 20, medan den er 30 utandørs. Fleire grupper kan halde på samstundes, så lenge dei er delt inn i kohortar.

Skjenking - reglar

No kan serveringsstader og andre med skjenkebevilling, skjenke alkohol til midnatt. Kravet om matservering forsvinn. Det er framleis krav om bordplassering og ein meter avstand.