Korona-testing

Korona-testing

Det er mange spørsmål knytt til koronatesting. I denne artikkelen finn du mykje faktainformasjon.

Korleis blir ein koronatest utført

Legen fører ein prøvetakingspinne først i nasen og skrapar med seg celler frå slimhinnene. Deretter blir prøvetakingspinne ført inn i munn for å skrape med seg celler frå svelg.

Dette kan føles litt ubehagelig, ein kan oppleve nysing, brekning og hoste. Men det går fort over.

Prøvene blir sendt til mikrobiologisk avdeling Molde, og det går ca. tre dagar før testresultatet foreligg.

Under testinga 

Denne testen er ikkje å ansjå som ein ordinære legekonsultasjon. Det vil kreve bestilling av eigen time for spørsmål om anna enn den konkrete testen.

Råd og restriksjonar 

Vi må alle huske å halde litt større avstand til kvarandre enn tidlegare for å unngå smitte. Vask hendene, hald avstand og ver heime om du er sjuk.

Kven skal i karantene

  1. Dei som har vore i utlandet skal ha ei reisekarantene på 10 døgn frå den dagen dei kjem heim. UNNTAK gjeld ved reiser i Norden med lav smitte.
  2. Etter nærkontakt med person med covid-19 (smittekarantene) etter gitte kriterier.
    Det er ikkje lengre slik at alle nærkontakter skal i karantene. Det blir skilt mellom «husstandsmedlemmar og tilsvarande» som skal i karantene og «andre nærkontakter» som ikkje treng å vere i karantene så lenge dei let seg teste og overvåkar eigne symptom.
  3. Du skal i karantene dersom du:
    - bur saman med ein person med påvist covid-19.
    - har tilsvarande nærkontakt med husstandsmedlem t.d. kjæreste eller kolleger i kontorfellesskap.
    - pleia ein person som har blitt sjuk, utan bruk av anbefalt smittevernsutstyr.

Legane vil informere om desse reglane når det er tatt avgjerd om testing. 

Svar på testen

No kan du  sjølv sjå svaret på koronatesten på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart. Om testen er POSITIV vil pasienten bli kontakta av lege. Alle som får eit positivt svar vil bli kontakta omgåande. Om ein ikkje høyrer noko, eller finn svar på helsenorge.no, innan tre verkedagar kan ein kontakte legekontor for svar.

Heimeisolering

Du skal isolerast dersom du har fått påvist koronavirus.