Korona-nytt 06.10.20

Korona-nytt 06.10.20

Den auka smittesituasjonen i Norge har kome nærare på oss siste dagane. Fleire stader i fylket opplever no ei auke i koronasmitte, og ytterlegare tiltak vert iverksett for å hindre vidare spreiing.

Kommuneoverlege Henrik Steenfeldt-Foss ynskjer å minne innbyggjarane i Fjord kommune på at koronapandemien framleis smittar svært lett mellom mennesker.

Når ein sjølv har blitt smitta, tek det normalt 2-3 dagar før ein utviklar symptom – og ein vil derfor ikkje merke noko desse dagane. Nokre personar kan òg vere smitta utan å utvikle sjukdom, men likevel føre smitten vidare. Felles for dei som ber på smitte, er at det lett kan førast vidare til andre ein møter privat, på jobb eller på ulike tilstelningar.
 
Dei fleste får milde symptom og kjem seg raskt gjennom ein slik sjukdomsperiode. Andre har auka risiko for alvorleg forløp av sjukdomen. Risiko for auka sjukdom aukar med alder og underliggande sjukdomar.

Vi må verne om alle, ansvaret for dette er eit ansvar både for kommuneleiing, helsetenesta og den einskilde. Denne dugnaden treng alle sin innsats, for at den skal råke færrast mogleg og at dei som vert sjuke får god helsehjelp, og at vi lukkast med å stoppe smittespreiinga.

Råda frå kommuneoverlegen er klare:
-    Hald deg heime om du kjenner deg sjuk
-    Be om ein koronatest ved symptom 
-    Hald minst ein meters avstand til andre
-    Husk god hoste –og handhygiene
-    Hold oversikt over dei du oppheld deg saman med, i tilfelle smittesporing           vert aktuelt
-    Oppretthald sosial kontakt via telefon
-    Snakk med venner om einsemd, og kva de kan gjere for å motverke dette
-    Framsnakk dugnadsånda til dei du møter