Informasjon om vidare vaksinering

Informasjon om vidare vaksinering

Kommunen har fått beskjed om å prioritere influensavaksinering framfor tredje vaksinedose til dei over 65 år. Influensavaksinering vil starte opp i veke 44.

I løpet av november vil Fjord kommune starte vaksineringa med ein tredje dose for denne aldersgruppa. Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet vil kommunen starte med dei over 85 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar.

Neste aldersgruppe blir 75 til 84 år, og til slutt aldersgruppa 65 til 74 år. 

Den tredje dosa kan tidlegast bli gitt seks månader etter andre dose, og det er Pfizer si vaksine som per no er godkjendt for tredje dose. 

Det er frå tidlegare bestemt at personar med alvorleg nedsett immunforsvar, uavhengig av alder, skal ha ein tredje dose som del av si grunnvaksinering. Vi er allereie i gong med dette arbeidet.

Meir informasjon om påmelding for influensavaksine og tredje dose av koronavaksine vil komme etter kvart.