Informasjon om smittesituasjonen

Informasjon om smittesituasjonen

Klikk for stort bileteDet er no ein uavklart situasjon for mange med smittesituasjonen som har oppstått. Vi prøver å oppsummere dei viktigaste tiltaka. 

Gjeldande karantenereglar

  • Alle fullvaksinerte er unntatt smitte- og nærkontaktkarantene så lenge dei er symptomfrie
  • Uvaksinerte nærkontakter må i karantene som før. Kan teste seg ut på dag 7.
  • Nærkontakter som har ei vaksinedose må teste seg. Dei er ikkje i karantene viss dei er symptomfrie, men må ta test på dag 3 og 5.
  • For dei under 18 år muleg å forkorte smittekarante med testing. Skal testast dag 3 og 5 etter nærkontakt. Kan då gå tilbake til skule om dei er utan symptom. Dette gjeld ikkje hustandsmedlemmar til ein som er smitta.
  • Søsken som er nærkontakter som bor i hus med smitta må i karantene som før. Kan teste seg ut av karantene etter dag sju.

Testing

  • Det blir tatt PCR av alle som tok hurtigtest i går, samt heile ungdomstrinnet.
  • Det blir tatt hurtigtest på dei som har symptom.
  • Søndag blir det høve å teste seg for dei som definerer seg som nærkontakt av ein smitta. Ta kontakt på koronatelefonen, tlf. nr 418 67 950 som er open kl 09 – 11. Øvrige som ønskjer å teste seg må vente til måndag.

Konfirmasjon

  • Konfirmantar i Stordal som har påvist smitte kan ikkje gjennomføre konfirmasjon denne helga.
  • Alle andre konfirmantfamiliar får utdelt hurtigtestar i dag for å teste gjestane. Ved negativ test i morgon tidleg kan selskapet gjennomførast.
  • Dei som har grønt koronapass og er symptomfrie kan delta i konfirmasjonsfeiringa, og treng ikkje ta test i forkant.
  • Dei som ikkje har koronapass bør ta ein hurtigtest i forkant av feiringa. Viss testen er negativ, kan dei delta i feiringa.
  • Krav om ein meter avstand gjeld både i kyrkja og i selskapet etterpå for dei som ikkje er i same husstand.

Institusjonar og omsorgsbustader

  • Vi oppfordrar til å ha minst muleg kontakt på institusjonane og omsorgsbustadane til situasjonen er meir avklart.

Når det gjeld valdagen, sjå reglane for alternativ røysting her.