Forlenga tilbod om Moderna-vaksine i Ålesund

Forlenga tilbod om Moderna-vaksine i Ålesund

Ålesund kommune vil også i veke 1 og 2 tilby Moderna-vaksine til innbyggarar frå andre kommunar.

Det blir vaksinasjon ved timebestilling og drop-in ved Forsvaret sin vaksinestasjon. Denne er i veke 1 og 2 plassert på Moa helsehus (Vestmoa 6).

Du kan bestille time her.

Det er tilbod om vaksinasjon:

  • 4. – 8.januar: kl. 9 – 17
  • 10. – 14. januar: kl. 9 – 17

Som i veke 52 tilbyr vaksinestasjonen:

  •  Dose 1 - for dei som enno ikkje er vaksinert
  •  Dose 2 – 4 veker sidan dose 1
  •  Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – gjeld alle over 18 år.  
  •  Dose 4 – 3 månader sidan dose 3 (gjeld særskilte grupper med alvorleg sjukdom).