Fleire nye smittetilfelle

Fleire nye smittetilfelle

Klikk for stort bileteI løpet av helga er det bekrefta sju nye smittetilfelle, dvs 11 totalt sidan fredag.

Alle elevane og lærarar ved Stordal skule har fått tilbod om test.

Då situasjonen var svært uoversiktleg søndag kveld, vart det beslutta å halde Stordal skule stengt i dag, måndag. På grunn av påvist smitte i fleire klassetrinn og blant lærarane, har kriseleiinga beslutta å ha heimeskule / digital undervisning resten av veka. 

Smittesporinga er krevande på grunn av mange nærkontakter. Definerer du deg som nærkontakt, og smittesporingsteamet ikkje har vore i kontakt med deg, - ring koronatelefonen og avtal testing.

Barnehagen vil halde ope, men går over til gult nivå.

Alle kultur- og fritidsaktivitetar for barn og unge i Storda skal avlysast denne veka.

Andre tiltak kan verte sett i verk dersom testresultata skulle tilseie at det er naudsynt. Hald dykk difor orientert gjennom informasjonen på heimesida. 

Husk avstand, og meld deg til testing ved symptom.