Nyheiter

Det er mange spørsmål knytt til koronatesting. I denne artikkelen finn du mykje faktainformasjon.

Fleire kommunale bygg og funksjonar opnar opp frå 1. juni. Gjeldande smittevernreglar skal følgjast alle stader.

Det betyr at treningar og annan organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå sentrale styresmakter. Det er Helsedirektoratet sine tilrådingar og idretten/særforbunda sine eigne retningslinjer som gjeld for dei ulike aktivitetane. Det er viktig å presisere at pr no er det ikkje lov å bruke dusjanlegga.

Ein person i Fjord kommune har nyleg testa positivt på covid19. Vedkomande er blitt smitta utanfor kommunen. Kriseleiing og kommuneoverlege er tett på saka og karantene og smittesporing er sett i verk etter vanlege prosedyrar.

Fjord kommune opnar igjen bruken av alle leikeplassar knytt til barnehagar og skular, samt andre kommunale leikeplassar. Ballbingane kan brukast, men med maks 4 personar i gongen. Dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar må følgjast. 

Biblioteka i Fjord er stengte og låner ikkje lengre ut bøker. De kan behalde bøkene de har, de får ikkje purring.

På grunn av fare for koronasmitte er fleire kommunale bygg no fysisk stengt inntil vidare for å hindre smittespreiing.

Vi er no i ein situasjon som truleg kan sette nokon og ein kvar av oss på nye prøvelsar.
No er det viktig at vi tek vare på oss sjølv,
men at vi også tenker på naboen!

 

Vi ønsker ikkje at folk no brukar fritidsbustadane sine i næraste framtid, men held seg heime der dei bur. Dette fordi vi ikkje ønsker tilreisande med muleg smitte til kommunen. Som liten kommune har vi avgrensa kapasitet til å ta seg av folk som kan trenge helsehjelp