Nyheiter

Fjord kommune kan i dag melde om ein ny smitta person i kommunen. Dette gjeld familiemedlem av tidlegare meldt smittetilfelle. Personen har vore i karantene.

 

Vi har i dag, via hurtigtest, fått påvist smitte hos ein innbyggar i kommunen. Nærkontakter er sett i karantene. 

Regjeringa har vedteke å følgje FHI si anbefaling om at alle som har fått 1. dose med AstraZeneca-vaksine skal få tilbod om vidare vaksinering av mRNA-vaksine som dose 2. (Pfizer/Moderna).

Fjord kommune har behov for hjelp til vaksinering, køyring av prøver til sjukehuset, parkeringsvakter ved testing og liknande. 

Fjord kommune viser til nye og strengare tiltak i kommunane Ålesund, Sula og Giske gjeldande frå og med 27. april. 

Samtidig som det kom nye nasjonale føringar 14. april kom regjeringa med ein gradvis gjenopningsplan for Noreg på 4 trinn. I dag er vi i Trinn 1 som er ein førebuande fase.

Etter råd frå Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa det første trinnet i gjenopningsplanen frå natt til fredag 16. april. I tillegg blir det nokre lettelsar for arrangement for barn og unge under 20 år. 

Det er i dag påvist ein ny smitta. Nærkontakter er sett i karantene, og smittesporing pågår.

Det er ikkje meldt om fleire smittetilfelle i Fjord kommune i dag. Men på bakgrunn at det eine tilfellet som vi fekk vite om i går, er det sett i gang smittesporing og testing.

I dag vert det på nytt rapportert om påvist smitte i Fjord kommune. Den eine er ein person som er nærkontakt med smitta person og har vore i karantene.  Den andre personen har ikkje vore i karantene. Isolering, smittesporing og vidare testing er iverksett.