Nyheiter

Vi har så smått gjenåpna samfunnet. Det no sommerferie, og mange planlegg å ta ferien andre stader i Norge. Vi ønskjer å kome med nokre viktige påminningar og gode tips.

Frå 2. juli kan du sjølv sjå svaret på koronatesten på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart. 

Det vert opna for besøk til personar som bur ved kommunale institusjonar. Besøk skal avtalast med den aktuelle avdeling i forkant.

Det er mange spørsmål knytt til koronatesting. I denne artikkelen finn du mykje faktainformasjon.

Fleire kommunale bygg og funksjonar opnar opp frå 1. juni. Gjeldande smittevernreglar skal følgjast alle stader.

Det betyr at treningar og annan organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå sentrale styresmakter. Det er Helsedirektoratet sine tilrådingar og idretten/særforbunda sine eigne retningslinjer som gjeld for dei ulike aktivitetane. Det er viktig å presisere at pr no er det ikkje lov å bruke dusjanlegga.

Ein person i Fjord kommune har nyleg testa positivt på covid19. Vedkomande er blitt smitta utanfor kommunen. Kriseleiing og kommuneoverlege er tett på saka og karantene og smittesporing er sett i verk etter vanlege prosedyrar.

Fjord kommune opnar igjen bruken av alle leikeplassar knytt til barnehagar og skular, samt andre kommunale leikeplassar. Ballbingane kan brukast, men med maks 4 personar i gongen. Dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar må følgjast.