Risikovurdering

Risikovurdering

I dagens situasjon med covid-19 pandemi er det avgjerande at verksemder går gjennom internkontrollsystemet sitt og gjer konkrete vurderingar av risiko som er relevant og tilpassa si verksemd/aktivitet. 

Det er kvar verksemd som gjennom eigne risikovurderingar og internkontroll skal sikre forsvarleg drift i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.

Arbeidstilsynet sitt skjema for risikovurdering

Folkehelseinstituttet tilrår at alle som tilbyr tenester og aktivitetar til turistar utarbeider ein plan for korleis dette kan gjerast på ein måte som er forsvarleg i høve til smittevernet. De kan lese meir om dette på folkehelseinstituttet sine sider.

I tillegg kan vi tipse om at NHO reiseliv har utarbeidd fleire bransjenormer.

Dei viktigaste tiltaka for å hindre smittespreiing er:

  1. Sjuke personar skal halde seg heime 
  2. God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald 
  3. Kontaktreduserande tiltak 

Det er viktig at verksemda fortløpande evaluerer sine eigne smitteverntiltak opp mot desse momenta, og eventuelt gjer endringar i sine planar og tiltak dersom det viser seg å vere nødvendig.