Last ned appen Smittestopp
Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI). Den skal bidra til å hindre at koronaviruset spreier seg i samfunnet. Den er heilt frivillig å bruke. Appen har 16-års aldersgrense.
Slik fungerer appen:
Dersom ein person med koronavirus gir beskjed gjennom Smittestopp, får du melding om du har vore i nærleiken av vedkommande. Dersom du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med å hindre at fleire blir sjuke.
Sjå video om korleis appen fungerer:
Smittestopp, film frå Folkehelseinstituttet.
Korleis laste ned appen
Appen er tilgjengeleg på både Google Play og App Store. For å sikre personvernet, kan ingen app-brukarar sjå kor eller når ein har vore i kontakt med ein smitta. Appen formidlar ikkje denne typen opplysningar om andre.
Her finn du informasjon om korleis du lastar ned appen.
Publisert25.01.2021 14.45