Kvifor stemmer ikkje smittetala?

Kvifor stemmer ikkje smittetala?

Kommunen har fått spørsmål om kvifor det ikkje alltid er samanfall mellom dei smittetala som vert kunngjort i riksavisene ,  og det som går fram på våre heimesider.

Det har i hovudsak to årsaker: Avisene brukar statistikk basert på folkeregisteret i staden for bustadadresse. Dermed kan det bli registrert smitta personar under Fjord kommune, som ikkje bur eller oppheldt seg her. Ein annan grunn er at somme aviser har døgnkontinuerleg overvaking av registrerte  smittetal, medan vi forheld oss til stadfesta smittetilfelle etter kvart som dei  vert meldt oss frå mikrobiologisk avdeling i Molde.