Kontakt med lege og anna helsepersonell

Kontakt med lege og anna helsepersonell

Vi gjer alt vi kan for å avgrense smitta i vår kommune. Vi har difor innført nye rutinar.

På grunn av smittefare er det innført nye rutinar for kontakt med legekontor/helsestasjon/jordmor:

  • Helsetenestene er opne som vanleg, men med smitteverntiltak.
  • Alle skal RINGE først. Ikkje møt opp utan avtale.
  • Alle ytterdører er låst. Når du kjem til avtale, så må du ringe på dørklokka. Vi kjem og møter deg.
  • Nokre avtalar blir erstatta av telefonkonsultasjonar eller avlyste avtalar. Om dette gjeld din avtale får du beskjed.
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller mistanke om koronasmitte, skal du IKKJE møte opp utan nærare avtale. RING alltid på førehand!

Fjord kommune følgjer Helsedirektoratet sine retningslinjer for kven som skal testast for koronavirus ny link

For å unngå overbelastning på legekontora, bør du merke deg følgjande:

  • Har du spørsmål om korona?
    - Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015 eller
    - Du finn mykje informasjon på helsenorge.no og Folkehelseinstituttet sine nettsider.
  • Er du sjuk og treng øyeblikkeleg hjelp på kveld/helg?
  • Ring legevakt 116 117
  • Står liv og helse i fare? Ring 113

Helsestasjon/jordmor

Har du spørsmål, treng hjelp og veiledning kan du kontakte

Helsesjukepleiar
Valldal, tlf.  418 67 946
Stordal, tlf. 418 67 936

Jordmor, tlf. 418 67 949

TAKK for at DU hjelper oss i kampen mot koronaviruset!