Vidareført karantenekrav

Vidareført karantenekrav

Det er gjort lokalt vedtak om karantenereglar i Fjord kommune den 19.03. Kriseleiinga har gjort presiseringar gjennom nytt vedtak 22.03, og forlenga vedtaket til og med måndag 30 mars. Dei lokale karantenereglane kjem i tillegg til dei nasjonale reglane for karantene og ferdsel.

Kommunelegen har gjort slikt lokalt vedtak om karantenereglar

1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda angitt i punkt 4 blir ilagt heimekarantene i 14 dagar etter at ein kjem til kommunen.

2) Personar som er tilreisande frå område i punkt 4 og som ikkje har bustad i kommunen får forbod om å opphalde seg i kommunen.

3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitene sine til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

4) Vedtaket gjeld følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

Unntak frå desse restriksjonane

a) Transittopphald på flyhamn i områda i punkt 4  vert ikkje rekna som opphald i området.

b) Opphald på plattform/sokkel med påfølgjande heimreise vert ikkje rekna som opphald i område omtalt i punkt 4.

c) Førar og personell av vare- og passasjertransport som er friske/symptomfrie, vert unntatt frå dette vedtaket sitt karantenekrav. Dette omfattar også personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten.

d) Leiing av verksemder som er lista oppetter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Slike unntak vert gjort av verksemda si leiing utan involvering av kommunen, men Fjord kommune ønskjer å verte orientert om dette.

e) Ein tillet overnatting på hotell for personar som ikkje har privat bustad. Personer som ikkje er omtalt i bokstav c og d vert imidlertid omfatta av karantenebestemmelsane.

Personar står fritt til å reise ut av kommunen. Personar står også fritt til å bevege seg mellom kommunar i fylket og mellom fylke som ikkje er omtalt i punkt 4.

Næringsaktørar kan søkje dispensasjon dersom karantenekrava skulle medføre store ulemper for næringsaktiviteten Vedtaket har verknad frå 28.03.2020 og gjelder til og med 30.03.2020.

Vedtaket supplerer Helsedirektoratet sitt vedtak av 12.03.2020, samt Fjord kommune sine vedtak av 19.03 og 22.03.2020. Klage på dette vedtaket vert avgjort, jf. smittevernlova § 8-3 av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Studentar og andre som vil heim til foreldra sine er sjølvsagt velkomne til kommunen. Det spelar inga rolle om ein har meldt flytting eller ikkje. Det som er viktig, er at ein har ein fast bustad medan ein oppheld deg i kommunen, og at karantenereglane vert følgt.

 

Når gjeld dette vedtaket

Vedtaket har verknad frå 23.03.2020 og gjeld til og med 27.03.20. Vedtaket er forlenga  frå og med 27.03. til og med måndag 30. mars i første omgang.

Meld frå om karantene

Vi ber om at du melder frå om at du set i karantene på epost: post@fjord.kommune.no.