Kva betyr isolat, karantene eller ventekarantene

Kva betyr isolat, karantene eller ventekarantene

Kva gjer eg no?

Ein del lurer på kva ein no skal forhalde seg til i den situasjonen kommunen er i. Er det slik at eg må halde meg heime?

Karantene:

  • Karantene/smittekarantene: personar som har hatt nærkontakt med ein person som er bekrefta smitta av SARS.CoV-2 mindre enn 48 timer før den smitta fikk dei første symptoma på smitte, eller frå prøvetidspunktet dersom personen som testa positivt ikkje utvikla symptom. Karanteneplikten gjeld i 10 døgn etter nærkontakt. Ein er ikkje fristilt frå karantene sjølv om ein hr fått negativt svar.

    Døme: Du får beskjed onsdag 24. mars om å gå i karantene fordi du har vore i nærkontakt med ein person dagen før som har fått påvist covid-19. Du tar test torsdag ettermiddag og får beskjed to dagar seinare at den er negativ. Du må fortsatt vere i karantene fram til 02. april.
     
  • Ventekarantene: Ordninga er avvikla.

Isolasjon

Du skal isolerast dersom du har fått påvist covid-19 eller er i smittekarantene og utviklar symptomar. For meir informasjon rundt isolasjon, les meir her

For meir informasjon rund Isolasjon, smittekarantene og reisekarantene, sjå på Helsenorge sine sider.

Avstand

  • Om du ikkje klarer å halde ein meter avstand anbefalar vi å bruke munnbind.
  • Ikkje oppsøk plasser med større samlingar av personar. Om du må på butikken bør kun ein person reise. Dei som er i risikogruppa bør få andre til å handle for seg og levere dette på døra.

Informasjon

  • Dei som får beskjed om å gå i karantene eller isolasjon vil bli kontakta av kommunen sitt smitteteam.
  • Kommunen vil oppdatere fortløpande og det er den informasjonen du bør innrette deg etter.
  • Oppmodar alle om å laste ned Smittestopp-appen for å gjere smittesporingsarbeid enklare.