Institusjon / bemanna omsorgsbustad

Institusjon / bemanna omsorgsbustad

Det er no opna for besøk til personar som bur ved kommunale institusjonar.

Besøk skal avtalast med den aktuelle avdeling i forkant.

 

Smittepost

For å kunne gi eit forsvarleg helse –og omsorgstilbod til innbyggarar i Fjord kommune som får påvist Covid-19, er det etablert ein eigen smittepost. Denne er lokalisert i ei avgrensa fløy ved Valldal sjukeheim, og er av smittevernomsyn ikkje i tilknytning til dei øvrige institusjonsplassane.

Målgruppa for denne posten er:

  1. innbyggarar som vert utskrivne frå sjukehus med eit pleiebehov grunna Covid-19 som ikkje kan stettast i eigen heim.
  2. innbyggarar som har dette pleiebehovet men som ikkje vert lagt inn i sjukehus.

Det vil gjelde same besøksrestriksjonar her, som elles for institusjonsplassane våre.

 

Særleg om privat heim i omsorgsbustad

Adgangskontroll og besøksstopp i beboar si omsorgsleiligheit er å ansjå som privat heim. Tiltaket må skje basert på dialog med beboar og pårørande.

 

Oppdatere råd og tiltak finn de på nettsidene til

Helsedirektoratet

Folkehelseinstituttet