Generell informasjon

Generell informasjon

Kriseleiinga arbeider kontinuerleg med saka, og det er dette som har fokus. Situasjonen endrar seg raskt og vi ber publikum halde seg oppdatert gjennom heimesidene til kommunen og Folkehelseinstituttet

Mottaksplassar karantene/isolat

Fjord kommune vil med bakgrunn i pålegg frå regjeringa, opprette mottaksplassar i dei fleste bygdelaga i kommunen for personar som skal i karantene eller isolat.

 

Stordalshallen og Martin Linge-huset er opne

Det betyr at treningar og annan organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå sentrale styresmakter. Det er Helsedirektoratet sine tilrådingar og idretten/særforbunda sine eigne retningslinjer som gjeld for dei ulike aktivitetane. 

Når det gjeld kommunale møterom for frivillige lag- og organisasjonar, avgrensar ein dette førebels til grendasalen i Stordalshallen og kultursalen i Martin Linge-huset.

Frivilligsentralane

Frivilligsentralane opnar truleg 1. september.

Biblioteka

Biblioteka er opne for besøk frå 1. juni.

Økonomisk sosialhjelp

Nav har på grunn av situasjonen rundt Koronaviruset stengt publikumsmottaket for alle henvendelsar unntatt økonomisk nødhjelp. For økonomisk nødhjelp ring tlf. 413 07 542. Er det ikkje ein nødssituasjon blir brukar henvist til rett sjølvbeteningsløysing på www.nav.no.  Det ligg mye god informasjon om fleire ytingar på www.nav.no, også om økonomisk sosialhjelp.