For deg som nyleg har flytta hit eller oppheld deg her

For deg som nyleg har flytta hit eller oppheld deg her

Personar med kortvarige opphald, t.d. i samband med arbeidsreise, sommarferie eller fritidsopphald har ikkje krav på vaksine i Fjord, men kan få vaksine i sin heimkommune.

Har du nyleg flytta til Fjord - eller har reservert telefonnummeret ditt?

Vaksineteamet treng hjelp til å finne deg om du har flytta til Fjord i løpet av dei siste månadane.
Ring oss på tlf. 418 67 823 måndag – fredag kl. 09 – 14.

Viss du har reservert telefonnummeret ditt frå visning på 1881.no eller gule sider er det fint om du ringer oss og stadfestar at vi har rett mobilnummer når vi skal sende deg innkalling til vaksinering.

Har du spørsmål i forhold til andre sjukdomar og vaksineringa, kan du ta kontakt med fastlegen din uavhengig av kvar du skal vaksinerast.