Arrangement, samlingar og sosial kontakt

Arrangement, samlingar og sosial kontakt

Fjord kommune følgjer nasjonale reglar og hovudregelen er at alle arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, bør utsettast eller avlysast.
Frå 16. april 2021 gjeld følgjande:

Så mange kan vere samla på eit arrangement:

  • Privat samankomst i heim anbefalast ikkje fleire enn 5 personar + dei som tilhøyrar boligen (anbefalast å møte andre utandørs).
  • Private arrangement (bursdag, dåp, minnestund, bryllup) på offentleg stad inntil 10 personar (eksklusiv arrangør). Inntil 20 personar utandørs.
  • Offentlege arrangement innandørs UTAN faste plassar (foreldremøter, medlemsmøter, kurs, lokale konsertar etc.) inntil 10 personar (eksklusiv arrangør)
    • inntil 50 personar på innandørs idretts- og kulturarrangement for utøvarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.
  • Offentlege arrangement innandørs MED faste plassar (kino, opera, kurs, konferansar etc.) inntil 100 personar (eksklusiv arrangør).
    • Publikum sitt på faste, tilviste/nummererte plassar (minst 1 meter avstand i alle retningar).
    • Unngå Ansikt-til-ansikt plassering
    • Publikum deltek som tilskodar og er ikkje aktiv i sjølve arrangementet. Det skal førekome liten grad av mingling/interaksjon mellom deltakarane før, under og etter arrangementet.
    • Vakter for kontroll inn og ut av lokalet ved større arrangement bør vurderast.
    • Servering av mat må vere av smittevernfagleg og forsvarleg måte.
  • Arrangement utandørs utan faste plassar – inntil 200 personar (idrettsarrangement, konsertar, marknad etc.)
  • Arrangement utandørs med faste plassar – inntil 600 personar i gruppe på 200 personar med minimum 2 meter avstand (idrettsarrangement, utandørskonsert etc.).

Definisjon på arrangement finn du ved å følge link

Uteliv og servering
Det er same anleding til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader. Dette er raglane for alkoholservering:

  • Det er nasjonal skjenkestopp kl. 22:00 alle dagar.
  • Alkohol kan berre serverast saman med mat.
  • Det skal kun serverast alkohol ved borda.
  • Det skal vere sitteplassar til alle gjestane.
  • Mat og drikke skal serverast og betenast av serveringsstaden
  • Gjestane slepp ikkje inn etter klokka 22:00.

Ansvarleg arrangør:
Må ha oversikt over kven som er til stades for å kunne bistå kommunen ved eventuell smittesporing.

  • Gjennomfør ei risikovurdering av arrangementet – verktøy for risikovurdering
  • Gjennomfør kontroll av godt smittevern i samband med eit arrangement - sjekkliste

Sjå dei nasjonale tiltaka for arrangement og samlingar som er gjeldande.

Sjå oversikt over nasjonale tiltak på Regjeringa si side.