Anna informasjon

Anna informasjon

Kriseleiinga arbeider kontinuerleg med saka, og det er dette som har fokus. Situasjonen endrar seg raskt og vi ber publikum halde seg oppdatert gjennom heimesidene til kommunen og Folkehelseinstituttet

Arrangement

Helsedirektoratet har gjort vedtak om at alle kultur- og idrettsarrangement skal avlysast frå 12. mars. 

Bruk av idrettsanlegg

Bakgrunn: Helsemyndigheitene har no opna for organisert aktivitet/trening, samstundes som det er ei rekkje avgrensingar til kva slags type aktivitet og korleis denne kan gjennomførast. Med dette som bakgrunn legg Fjord kommune desse føringane til grunn:

Organisert trening

  • Idrettshallane og gymsalane (innandørs anlegg) vert framleis stengt for all aktivitet.
  • Kunstgrasbaner/andre kommunale baner vert opna for organisert trening.
  • Idrettslaga er ansvarlege for den organiserte aktiviteten/treningane og må sørge for at gjeldande smittevernreglar til ei kvar tid vert følgt.
  • Ulike grupper i idrettslaga må i tillegg følgje sitt særforbund sine gjeldande reglar for organiserte treningar, også kalla «koronavettregler».
  • Sjå elles idrettsforbundet si korona-side. https://www.idrettsforbundet.no/

Uorganisert aktivitet

  • Uorganisert trening/aktivitet er framleis lovleg - også på kunstgrasbanene/andre kommunale baner
  • Reglane er dei same som før: UNNGÅ SMITTE, tren åleine, eller i lag med familien/husstanden, eller maks 5 i lag i faste grupper, minst 2 meter avstand og god hygiene.

Stenging

  • Dersom gjeldande smittevernreglar ikkje vert følgt, kan anlegga igjen bli stengt for både organisert og uorganisert aktivitet.

NB Kommunale leikeplassar og uteområda på skular og barnehagar er framleis stengte

Økonomisk sosialhjelp

Nav har på grunn av situasjonen rundt Koronaviruset stengt publikumsmottaket for alle henvendelsar unntatt økonomisk nødhjelp. For økonomisk nødhjelp ring tlf. 413 07 542. Er det ikkje ein nødssituasjon blir brukar henvist til rett sjølvbeteningsløysing på www.nav.no.  Det ligg mye god informasjon om fleire ytingar på www.nav.no, også om økonomisk sosialhjelp.     

Ta kontakt ved behov

Vi ber om at ein søkjer informasjon på nettet før ein ev tek kontakt per telefon. Det er stort pågang på telefon til legekontora. Dei har ikkje kapasitet til å svare på generelle spørsmål om korona, og linja må vere tilgjengeleg for dei som treng helsehjelp.

Det ligg veldig mykje informasjon om korona ute på nettet. Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du ringe den lokale koronatelefonen 418 67 950 kl. 09.00 – 14.00 måndag - fredag.