Vil DU engasjere deg?

Vil DU engasjere deg?

Fjord ungdomsråd og helsesista september 2020. Bjørg Jacobsen Fjord ungdomsråd skal velje nye medlemmar og vi søkjer fleire engasjerte ungdommar i alderen 16-19 år. Vil du vere med på laget for å skape eit godt lokalsamfunn for barn og unge i kommunen vår? 

Fjord ungdomsråd skal velje nye medlemmar for 2022/2023. Vi er derfor ute etter engasjert ungdom som vil stille som kandidatar i aldersgruppa 16-19 år (født 2005 og eldre).

Ungdomsrådet skal vere eit talerør for ungdom i Fjord kommune og mellom anna bidra til engasjement, gode oppvekstvilkår, påverke saker og vere høyringsorgan i kommunale saker som vedkjem ungdom.

Ungdomsrådet kan vere ein pådrivar for nye tiltak, eller kome med idear og i samarbeid med andre skape aktivitet. Eit eksempel er markeringa av Verdensdagen for psykisk helse i 2020, der ungdomsrådet i samarbeid med folkehelsekoordinator og Mental Helse Stordal, arrangerte foredrag med Helsesista.

Å vere med i ungdomsrådet er både kjekt og lærerikt!
Det er om lag fem møte i året, og om du må ta fri frå skulen er dette eit offentlege verv som gir gyldig fråver. Møta er som regel på ettermiddag/kveld. Ungdomsrådet er også med på ulike møte og konferansar, og kvart år arrangerer fylket Ungdommens Fylkesting, der vi sender representantar frå Fjord kommune.

Kven er med?
Ungdomsrådet skal ha ni medlemmar med personlege varamedlemmar.

Frå ungdomstrinnet vel elevane 2 representantar med varamedlemmmar frå kvar av skulane, og frå aldersgruppa 16-19 år skal det vere 3 medlemmar med personlege varamedlemmar. Alle representantar blir valde for 2 år. Det er fullt mulig å ta attval om du har vore med i ungdomsrådet tidlegare, men du kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. 

Spørsmål?
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med koordinator Bjørg Jacobsen eller ein av dei som har vore med i ungdomsrådet dei to siste åra, les meir om dei her.

Bli med!
Er du interessert? Då ønskjer vi at du fyller ut elektronisk skjema innan 15. oktober, så vil du bli kontakta!
Valnemnda til kommunen vil legge fram forslag til nytt ungdomsråd.

Følg Fjord ungdomsråd på instagram #fjordungdomsraad

Eg vil engasjere meg i Fjord ungdomsråd!

Felt merka med * må fyllast ut