Velkomen til ein ny Stikk UT! - sesong!

Velkomen til ein ny Stikk UT! - sesong!

Klikk for stort bilete Frå laurdag 1. mai kan du STIKKE UT igjen, og vi håper mange blir med ut på tur! Fjord kommune har 11 nye Stikk UT!-turmål i 2021. Merk at fleire av turmåla har fått utsett opning på grunn av snøforholda.

Vi fokuserer på nærturar og oppfordrar innbyggjarane i Fjord til å vere aktive og utforske nærmiljøet!

Registreringa opnar 1. mai, men hugs at fleire turmål ikkje opnar frå første dag på grunn av snø eller andre forhold, som til dømes rasfare. Stikk UT! -postane vert opna så snart det er farbart til fots og trygt å ferdast i området. Det kan også skje tidlegare enn oppgitt opningsdato, så følg med på stikkut.no

Stikk UT! – kartet er delt ut i alle postkasser. Om du ikkje har fått det kan du få det på kommunehuset i Stordal eller på rådhuset i Valldal.

Stikk UT! - app
Det er også lansert ein heilt ny Stikk UT! - app som kan brukast for å registrere turmåla. Den har mellom anna god kartfunksjon som kan brukast utan dekning, høve til å følgje med på kvar du er, og enkel registrering av kode. Appen  viser automatisk turmål i nærleiken av der du er og erstattar den tidlegare morotur-appen, som no blir avvikla. Men nettsida morotur.no vil bestå, der kan du finne både StikkUT!- turmål og andre turar i heile Møre og Romsdal.

Last ned appen, logg inn og gjer deg klar til å stikke ut til nye og gamle turmål!

Endringar
Som i 2020 blir det ikkje lagt ut turbøker, men kodane vert plassert godt synleg på turkassene/kodeplater. Topplistene blir rangert etter talet på turar, ikkje talet på ulike turmål.

Vi ber alle rette seg etter nasjonale råd og reglar for smittevern.


 

Populært
Stikk UT! var den mest populære turtrimmen i Norge i 2020 med over 860 000 registreringar. No er det klart for ein ny sesong med 471 turmål i 25 kommunar. 
Dei 31 turmåla i Fjord som er med på Stikk UT! i år finn du her.

Sjå også informasjon rundt sesongstart frå friluftsråda i Møre og Romsdal.

 

STIKK UT! Vel møtt på tur!