Varsel om flaum- og skredfare

Varsel om flaum- og skredfare

NVE melder om flaum og jordskredfare på raudt nivå og stor snøskredfare frå onsdag 12. januar då det skal kome mykje nedbør.

Les meir om flaum og jordskredvarsel her. 

Sjå snøskredvarsel her. 

Eigarar av hus og hytter vert oppmoda om å sjekke at avløp, slukar og stikkrenner er frie for snø, kvist og lauv. Ikkje vent med dette til i morgon.

Sikre og flytte verdiar vekk fra utsatte stadar.

Sørg for å ha drikkevatn, lys/batteri, opplada tlf. m.m.

Ein oppmodar innbyggarane til å halde seg mest mogleg i ro.

Vegvesenet advarar mot vanskelege køyreforhold

Viktige telefonar:

Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113
Legevakt: 116/117
Teknisk vakttelefon: 418 67 900