Valinformasjon

Valinformasjon

Klikk for stort bileteVeljarar som på grunn av sjukdom, uførheit, karanteneplikt eller isolasjonsplikt som følgje av covid-19 ikkje kan røyste på dei ordinære førehandsrøystestadane eller dei ordinære vallokala valdagen, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg.

Røysting i perioden for førehandsrøysting

Er du sjuk/ufør kan du søkje kommunen om å få førehandsrøyste heime (ambulerande røysting). Det same gjeld om du er i karantene p.g.a Covid 19. Slik søknad må vere kome kommunen i hende seinast kl. 10.00 fredag 10. september.

Røysting etter perioden for førehandsrøysting

Velgjarar som ikkje kan røyste i ordinære vallokaler p.g.a karanteneplikt eller isolasjonsplikt grunna Covid-19, kan etter søknad til valstyret avgi si røyst der dei oppheld seg. Fristen for å søke er kl. 10.00 på valgdagen 13. september.

Adressa til valstyret er: Fjord valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal. eller e-post: post@fjord.kommune.no. Tlf. 418 67 800 / 418 67 821.

Tid og stad for røysting på valdagen

Valldal krins:  Martin Linge-huset kl. 10.00-20.00
Stordal krins: Stordalshallen kl. 10.00-20.00
Eidsdal krins: Eidsdal skule, gymsalen kl. 12.00-18.00

Du finn all valinformasjon her.