TV-aksjonen 2021

TV-aksjonen 2021

I år er det Plan International som er tildelt TV-aksjonen. Overskrifta på årets aksjon er: «Barn, ikke brud»

Med innsamla midlar frå TV-aksjonen vil Plan International arbeide målretta for å hindre barneekteskap, og dermed også gi jenter fridom og ei betre framtid. Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda, og vert såleis frårøva retten til å vere barn og fridommen til å forme sitt eige liv.

Skikken med barneekteskap er særleg utbreidd i land som Bangladesh, Malawi, Nepal, Mali og Niger, og midlane som kjem inn vil særleg verte retta inn mot tiltak i desse landa.

Monika Tettli, Laila Olsen. Siv Krokfoss og eg utgjer Fjord kommune sin aksjonskomité.

Vi har bestemt at det også i år vert lagt opp til digital innsamling. Fjord kommune har oppretta si eiga innsamlingsbøsse som du kan bruke: https://www.spleis.no/project/185820

Vi oppmodar alle til å gi eit bidrag til TV- aksjonen 2021.

Eva Hove, ordførar