Tilskotsordning for å inkludere barn og unge - utlysing for 2022

Tilskotsordning for å inkludere barn og unge - utlysing for 2022

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha høve til å delta i samfunnet og oppleve mestring.  Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å havne i utanforskap. 

Barn og unge som er i faresona skal oppleve mestring ved at samfunnet tilbyr støtte til opne opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa er 0-24 år, men enkelte aktivitetstypar kan ha ei meir begrensa målgruppe, sjå forskrifta.

Frivillige organisasjonar, offentlege instansar og private aktørar kan søke om tilskot.

Nytt for 2022

  • Det er tre tidlegare tilskotsordningar som er slått saman.
  • Det kan søkast om tilskot for ein periode på inntil tre år. Løyvd tilskot utover eitt år vert gjort med atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak for det enkelte året.
  • Det skal søkast om tilskot til ulike aktivitetstypar etter kriterier som er fastsett i forskrifta. Kvart tilskot har eit eige søknadsskjema i søknadsportalen.

Søknadsfristen er 17. desember 2021.

Søknaden skal sendast via Bufdir sin søknadsportal

Tilskotsordninga si nettside

 

For meir informasjon, kontakt
Frivilligsentralen tlf. 418 67 836
Folkehelsekoordinator tlf. 418 67 806