Han kjem frå ei stilling som Seksjonsleiar for Medisinske legar ved Ålesund Sjukehus, leiar for klinisk forskingspost og rådgjevar overfor klinikksjef i Klinikk Ålesund Sjukehus.
Jan-Ove er frå grunn av utdanna sjukepleiar, men har dei siste åtte åra vidareutdanna seg innafor helseleiing, helseøkonomi- og kvalitetsforbetring i helsetenesta og fullførte i juni 2020 ein master i helseleiing. Fjord kommune er glad for å få Jan-Ove med på laget og vil starte opp i stillinga i løpet av april.
Helse og omsorg er kommunen sitt største tenesteområde med om lag 210 tilsette fordelt på 125 årsverk. Tenesteområdet er i dag fordelt over fem einingar; PLO Valldal, PLO Stordal, Bu- og Habilitering, Tenestekontoret og Fjord Helse. Som kommunalsjef vil han ha det heilskaplege leiaransvaret for kommunen si helse og omsorgsteneste, og skal identifisere behov og utvikle tenestetilbodet for innbyggjarane i kommunen.
Vi ønsker Jan-Ove lykke til i stillinga og velkomen på laget.