Tildeling av utbyggingsmidlar – Nørdalen, Stordal

Tildeling av utbyggingsmidlar – Nørdalen, Stordal

Det er knytt utbyggingsavtalar til arealplanen for Nørdalen i Fjord kommune. Dette betyr at det ved sal av tomter som er omfatta av utbyggingsavtalar, vert betalt inn eit bestemt beløp.

Midlane som vert betalt inn, skal forvaltast av ei nemnd som er slik samansett :
Ein representant oppnemnt frå Stordal Idrettslag, ein representant frå Øvre Stordal Vel, to representantar frå grunneigarane og  ein representant frå  kommunen( ordføraren).

I følgje utbyggingsavtalane, kan det søkjast om mildar til følgjande:

Utbygging og drift av skiløyper, turstiar, badeplassar, akebakkar, leikeplassar, skianlegg, tilrettelegging for menneske med nedsett funksjonsevne, samt tiltak for tryggleik i fjellet.

Grunnlagsinvesteringar som veg, vatn, straum, avlaup og liknande vert ikkje å rekne som fellestiltak i utbyggingsavtalen.

Tiltaka som det vert søkt om midlar til, skal vere tilgjengelege for ålmenta.

Dei som ynskjer å søkje om midlar, må sende grunngiven søknad til utbyggingsnemda innan 30. november 2021. Tildeling vil skje ca 10. desember.

Søknad vert å sende: Postmottak@fjord.kommune.no
Med kopi til : eva.hove@fjord.kommune.no