Takk til Eidsdal-Norddal Røde Kors

Takk til Eidsdal-Norddal Røde Kors

Klikk for stort bileteLike før påska sette inn, vart det mange innbyggjarar i Eidsdal og Norddal som vart sett i karantene pga av muleg smitteutbrot. Utan hjelp frå andre, kunne rett mange få problem med å skaffe seg mat i hus før langhelga sette inn.

Frivilligsentralen i Fjord kommune kontakta Nærbutikken i Norddal og Eidsdal Norddal Røde Kors – og dermed vart dette oppdraget løyst!  Kundane kunne bestille varer i nærbutikken. Varene vart pakka og frivillige frå Røde Kors henta og bringa varene til dei som skulle ha dei. Dette resulterte i seks køyreturar og mange takksame folk!

Røde Kors arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt for eit tryggare samfunn. I Fjord kommune er der eitt aktivt lokallag, Eidsdal Norddal Røde Kors. Sjølv om namnet ber i seg to av bygdene i kommunen, er laget likevel klar på at dei vil fungere som eit lokallag for heile kommunen. Ein representant frå laget er også med i det kommunale kriseteamet. Eidsdal Norddal Røde Kors har i mange år hatt ein samarbeidsavtale med tidlegare Norddal kommune.

Klikk for stort bileteTidlegare i år vart det underteikna ein samarbeidsavtale mellom Fjord kommune og Eidsdal Norddal Røde Kors. Ein slik avtale er av stor verdi for kommunen, ettersom den opnar opp for at kommunen i alle slags beredskapssituasjonar vil kunne ha mange frivillige og trena personar å spele på.

Stor takk for samfunnsengasjementet, innsatsen og velviljen!