Sykkelturen kjem til Fjord torsdag 16. juni!

2022 er Frivilligheita sitt år og Norges Frivilligsentraler inviterer i samarbeid med ei rekke andre organisasjonar til ein sykkeltur gjennom heile landet. Torsdag 16. juni går turen gjennom to av bygdene i Fjord. Ta fram sykkelen og heng deg på!

Vi er så heldige å få besøk av Sykkelturen 2022 torsdag 16. juni.
Det blir sykla på seks elektriske rickshaw-syklar (passasjersyklar) med plass til to passasjerar fremst. Desse syklane har vore i bruk på heile turen.
Både sykkelpilotar (den som syklar) og passasjerane er lokale, med nokre få unntak. Vi håper at alle som lyst og anledning til det, vil vere med og lage liv og røre langs ruta eller ved målgang på dei to etappane som er lagt til Fjord kommune! Ta gjerne med flagg!

Bli med!
Det er også mogleg å henge seg på «halen» av syklar for dei som ønskjer det. Då er det viktig å halde rekkene og ikkje sykle forbi nokon. Hugs trafikkreglane og ta på refleksvest!

 

Etappane i Fjord kommune blir lagt opp slik:

Kl. 11:30 Start frå Valldal stadion på Omnos til Valldal sentrum (Syltetorget). Berekna ankomst ca kl 12:30.

Kl. 16:00 Start frå Øvrebust til Stordal sentrum (Allmenningen). Berekna ankomst ca kl 16:30.

 

Det vil bli underhaldning, song og dans ved målgang begge stadar.

Vi håper du vil vere med og heie fram både syklistar og passasjerar! Vel møtt!

 

Norges frivilligsentraler har i samband med Frivilligåret 2022 invitert alle frivilligsentralar i heile Noreg til å vere med på sykkeltur for å feire generasjonsmøte, samskaping og frivilligheita! Turen startar på Nordkapp i mai og skal innom alle fylke før den blir avslutta i Arendal i august.

Sykkelturen 2022 er ein del av Norges frivilligsentraler sitt arbeid med reforma «Leve heile livet» og er eit av dei nasjonale signalarrangementa i regi av Frivilligåret 2022.