Stordalshallen og Martin Linge-huset vert opna
Det betyr at treningar og annan organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå sentrale styresmakter. Det er Helsedirektoratet sine tilrådingar og idretten/særforbunda sine eigne retningslinjer som gjeld for dei ulike aktivitetane. Det er viktig å presisere at pr no er det ikkje lov å bruke dusjanlegga.
Når det gjeld kommunale møterom for frivillige lag- og organisasjonar, avgrensar ein dette førebels til grendasalen i Stordalshallen og kultursalen i Martin Linge-huset.
Frivilligsentralane vert framleis stengte.
Biblioteka vert enno ikkje opna, men held førebels fram med si "bestillings- og utlånsordning".
Publisert20.05.2020 12.52