StikkUT-krus

StikkUT-krus

Dei som har bestilt krus og skål som StikkUT!-premie kan no hente dei på servicetorget i Valldal eller Stordal. Og om du har gløymt å bestille så har vi nokre få ekstra til sals.

Du må hente krus eller skål på den staden du oppgav når du bestilte. Servicetorget har namnelister om du er usikker. NB! Alle som har bestilt har også betalt.
Servicetorget er ope kl 10-15.
Dersom du ikkje har bestilt kan du kjøpe krus kr 175/skål kr 200. Vi har berre nokre få, så det blir først til mølla!

Takk for ein flott tursesong!

1. desember går StikkUT! over i vintermodus og det blir lansering av turmåla for StikkUT! Vinter.
Vintertursesongen startar 15. desember.