Stikk UT! Vinter

Stikk UT! Vinter

No kan du stikke ut om vinteren også, både på ski og til fots! Fjord kommune er med på den nye satsinga Stikk UT! Vinter med seks vinterfotturar og seks skiturar.

Det er viktig å kome seg ut ein tur kvar dag for å få aktivitet og frisk luft. Dette fører til redusert stressnivå og ny energi - og så får vi det litt betre! 

Vinterfotturar i Fjord

Kvilet frå grendahuset, Norddal
Lilleåsskagen, Norddal
Elvaforbygninga, Stordal
Moloen, Stordal
Bedringens veg, Valldal
Olavsvegen i Syltemoa, Valldal
 

Stikk UT! Ski i Fjord

Fremste Haumyra/Lysløypa i Hauane, Eidsdal
Rellingsetra, Norddal
Bakke før Jolbotn,Stordal
Gapahuk ved Fokhaugstova, Stordal
Storvasshytta ved Storvatnet, Stordal
Vollane, (Lysløypa Omnos), Valldal

Du kan besøke turmåla frå 15.12. til 2. påskedag (5.4.)
NB! Det er inga spesiell tilrettelegging av turmåla, så ta omsyn til ver- og føreforhold.
Registrering via morotur-appen eller på stikkut.no
Om du ikkje har vore med før må du opprette ein ny brukar.

Det er friluftsråda i Møre og Romsdal som står bak Stikk UT!
Her kan du lese meir om Stikk UT! Vinter
https://www.stikkut.no/nyheter/nytt-stikk-ut-konsept-i-vinter

Stikk UT! God tur!

 Klikk for stort bileteSkispor Klikk for stort bilete 

Adresse