Stengt veg til Tafjord - opnar kl. 13 laurdag 18. mars

Bilde av snø - Klikk for stort bilete

Kommunen følgjer situasjonen med vegstenginga fortløpande. 

Det er gjort ei kartlegging, og det ser ut som dei fleste handterer situasjonen der ein er til i morgon. 

Viss det er nokon som MÅ kome seg til eller frå Tafjord, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 418 67 800 innen kl 15. Kommunen arbeider med å finne ei løysing i dei tilfella der transport er heilt nødvendig.

Ved behov for akutt hjelp, ring naudetatane som vanleg.
For meir informasjon om stenginga på fylkesvegen, følg med på Vegtrafikksentralen sine sider

Vegen opnar kl 13, laurdag 18. mars.