Stenging av Dyrkontunellen tysdag 15.september

Stenging av Dyrkontunellen tysdag 15.september

Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane skal ha redningsøving i Dyrkorntunnelen på fv. 650 mellom Sjøholt og Stordal tysdag 15. september. Det blir kolonnekøyring mellom kl. 19-20 og 21-22. Mellom 20 og 21 blir tunnelen heilt stengt. Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen.

Klikk for stort bileteSkrøotunellen Gjøri Dalsbø  

Det er ikkje lokal omkøyring på staden.

 

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, seier brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane.

 

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i? 

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom. 
  • Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare. 
  • Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.  
  • På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen. 
  • Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.   
  • Forsøk å varsle møtande trafikk. 

 

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:

Brannvernleiar Olav Amund Myklebust, telefon 908 95 110