Status smittesituasjon

Status smittesituasjon

Klikk for stort bileteI dag har vi ei positiv nyheit då det berre er stadfesta to nye smittetilfelle til trass for ei massiv testing i helga. Resultata kjem frå prøvane som er tatt søndag, og ein del frå måndag.

Smitteveg er kjent, og dei er nære nærkontakter til tidlegare smitta. 

Smittesituasjonen byrjar å kome under kontroll. For å vere på den sikre sida blir elevane testa på nytt i morgon då det vil vere dag 5 sidan siste skuledag.

Heimeskule og gult nivå på barnehagen i Stordal blir gjennomført ut denne veka.

Vi minner likevel om å huske avstad, og meld deg til testing om du har symptom.