Sommaropning på Tafjord friluftsbad

Basseng med personar som badar. Campingvogner og fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteTafjord friluftsbad Fjord kommune

Tafjord friluftsbad opnar laurdag 27. mai. Friluftsbadet blir ope i pinsehelga og kvar helg framover til skuleferien startar. Frå 19. juni blir det ope kvar dag.

Tafjord friluftsbad ligg idyllisk til ved fjorden i Tafjordbygda. 
Friluftsbadet har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader, plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Anlegget har garderobar med dusj og omkledningsrom og kiosk med sal av enkle kioskvarer.

Opningstid og prisar for Tafjord friluftsbad.