Søknad om barnehageplass og SFO

Søknad om barnehageplass og SFO

Klikk for stort bileteI Fjord kommune er det tre kommunale barnehagar -Dalsbygda barnehage, Syltebøen barnehage og Stordal barnehage. Søknadsfrist for endring av barnehageplass er 1. mars. For ny barnehageplass er søknadsfristen 15. mars.

Dette gjeld hovudopptak til nytt barnehageår. Alle som ønskjer plass, eller ønskjer å endre tildelt plass, må søkje innan fristen.Dei som allereie har plass, og ikkje skal endre på noko, treng ikkje å søke på nytt. Søk elektronisk her

Les meir om barnehagetilbodet her.

Alle skulane gir tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar i 1.-4. klasse, og til elevar med særskilte
behov i 1.-7. klasse. Søknadsfristen er 1. mars. Søk elektronisk her. 

Les meir om SFO-tilbodet her