Rydd ein fjord i Fjord!

Rydd ein fjord i Fjord!

Klikk for stort bileteRydd ein fjord! Fjord kommune Å rydde plast i fjøra er ein fin aktivitet både for barn og vaksne! Du får både fysisk aktivitet, frisk luft, og den gode kjensla av å gjere ein viktig jobb. For kvar einaste plastbit som blir fjerna blir det litt mindre mikroplast i naturen! Du kan hente utstyr til rydding på servicetorget.

Det nyttar!

Sunnmøre friluftsråd organiserer ryddeaksjon langs sunnmørskysten.

Sunnmøre har ein lang kyst der det mange stader hopar seg opp med plastsøppel. Sjølv fjører som er rydda tidlegare, får gjerne nye forsyningar med vind og bølgjer. Dette gjeld også i Fjord kommune.
Likevel nyttar det å rydde:
For kvar einaste plastbit som blir fjerna, vert det ein mindre som kan bli til mikroplast!

Du er invitert til å bli med på ryddeaksjonen! På servicetorget på rådhuset i Valldal kan du hente plastsekkar og hanskar til barn og vaksne. Hanskane har ulike storleikar og kan brukast fleire gongar.
Vi kan også hjelpe til med å få utstyret ut til dei andre bygdene, ta kontakt.

Ver alltid minst to saman når det skal ryddast og hugs koronareglane om naudsynt avstand.

 

Om innlevering av avfallet
(informasjon om dette vert også delt ut saman med sekkar og hanskar)

  • Dersom du vil levere innsamla avfall gratis på Djupnøyna miljøstasjon må du opprette ein aksjon på Hold Norge Rent sin ryddeportal. Her vil du få ein aksjonskode du nyttar når du leverer avfallet. Sunnmøre friluftsråd kan hjelpe med å opprette aksjon annhelen@friluftsraadet.no.
  • Ta kontakt med Djupøyna Miljøstasjon om det er mykje som skal ryddast og du treng hjelp med frakt av innsamla avfall. Eller kontakt Sunnmøre friluftsråd annhelen@friluftsraadet.no og dei hjelper med å få dette til.
     

Takk for innsatsen til deg som vil vere med og ta eit tak
for rein fjord og rein natur i Fjord kommune!